torsdag 5. september 2013

HAGEBLÅBÆR

Hausten
er litt vemodig 
synest eg. Sommaren er over, blomster,
og plantar visnar. Trea misser lauvet. Naturen går
litt etter litt i dvale - i kvilemodus...
Men ein ting har
hausten
med seg, som eg elske.
Frukt, grønnsaker og bær !
Oj, kor eg kose meg nå. Så deilig å gå
rundt i hagen og plukka plommer, epler osv.
Og så hageblåbær - dei er berre nydelege.
Eg er sjølvsagt veldig
glad i små blåbær
ute i naturen
og
-
 
Surjordsplante.
Første bæra hentar ein litt uti august.
 


 
men hageblåbær
kan eg nesten ikkje få nok av.
Vi bur nær skogen, så fuglane koser seg
nok også. Vi plukkar på bestilling. Deiligt å
stå i ro og fred i blåbærhagen,
 og filosofera over livet.
I vår klipte eg
ganske
mange gamle
greiner ut av buskane i
den eine hagen. Bæra blir dermed større,
men mindre kvantum bær.
Mannen min gjødslar
plantene ca.3 gonger i vekst-sesongen,
MEN -ingen prøytemiddel takk!


 
 
 

Ei eske blåbær, ferdig til levering.


I dag vil eg dela ei av mine favoritt-oppskrifter med deg.
 
PAIEN kan brukast til bær og frukt, alt etter kva sesongen har å by på.
Eg startar med rabarbra(og litt oppskore jordbær) om våren.
Plommepai seinare, blåbær, blåbær-og bjørnebærpai og eplerpai. 
Rips vart for sterkt !
Sikkert mykje anna ein også kan bruka.
 
Her plommepai.
 
SILJES PAI
4 dl. kveitemjøl
1 dl. sukker
2.ts.bakepulver
125 gr.mjukt smør(smuldre i)
1 egg
 
Fyll:
Blåbær
ca.1 dl. sukker
2-3 ss. potetmjøl
 
(Til rabarbrapai)
ca.1/2 kg.ferdig oppdelt rabarbra - 5-6 stenger
1 1/2 - 2 dl.sukker
2-3 ss.potetmjøl
 
Arbeid deigen saman. Ta 2/3 av deigen
og klem ut i forma. ( ca.24 cm)
Legg bæra/frukta  oppå deigen.
Bland saman sukker og potetmjøl og strø over
Resten av deigen triller du litt strimler
(trykk flate og skjær laus med kniv)
 som legges i gitter over bæra/frukta.
Steik ved 200 grader i ca.35-45 min.
Midt i omnen. (Pass på tida ! )
 
Serveres med is el. krem el. vaniljesaus .... !!
 
 
 Dagens ord:
"Blomstene gjør alltid
oss mennesker bedre,
lykkeligere og mer
hjelpsomme.
De er både solskinn
og mat og medisin
for sjelen. "
(Luther Burbanks) 
 
 
Blåbærhilsen  frå Silje
 

 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar