onsdag 4. september 2013

Regn - og sol i septemberhagen

Jo, det er vel slik haustveret er i september.
Ein dag regn, og neste sol. Eller litt begge
deler. Det er blitt haust i lufta.
Men det er ei god og frisk haustluft !
 
Roser, georginer, fuchsia og resten av hagen ser litt
bedrøvelege ut etter alt regnet i det siste. Men godt
gjer det uansett for plantene.
 
I år kjøpte eg (for meg) ei ny sommarplante i eit gartneri.
Senetti heiter denne spreke fargeglade planta.
Eg har plassert den ved inngangspartiet,
og oppå steinen. Her er den blitt eit blikkfang
saman med ei rød begonia-plante.
Dette er ein heller skuggefull plass,
men planta har greid seg godt.


 
Planta kan ein setja ut
 samtidig med stemorsblomster.
Den blomstre frå mai og til langt utpå hausten.
Sjølv om Senetti er ei hardfør staude,
 overvintre den ikkje hos oss.
Ei flott plante eg nok vil skaffa meg til neste år og !
Planta fins i mange ulike fargar.
Lurt å knipa bort visne blomster, slik
som ein gjer med så mange andre blomster,
så blomstre dei lengre.

 



Knollbegonia.
Her planta i ei gamal osteform frå eit meieri.
Den har lag med ei ei kvit julestjerne som blomstra her i vår.




Det fins omlag 900 begonia-sortar.
Planta er einkjønna, dvs.at det er både hann-og hoblomster
på ei plante. Plantene trivest best i halvskugge, og
skal ha ein del gjødsel. Ca. 18-20 grader er fin temp.for plantene.
Knollbegonia stammar eigentleg frå Dei vestindiske øyane og
Sør-og mellom Amerika.
Juleglede  høyrer til denne begonia-slekta.
 

 
 
Her ser ein tydeleg hann og ho-blomster
 

 
Fargar som friskar opp i eit bed -
til å bli glad av.
 
 
Skaugum
Skaugum -planta vart etablert etter 2.verdenskrig.
Gartnar Gøsta Larsson på Skaugum formerte den opp frå ein mutasjon.
Den vart svært populær her i Norge i 60-70 åra,
spesielt på Vestlandet fordi den er så harfør.
 

Ein formere arten best ved deling av knollen på våren.
Knollane veks, så året etter kan ein skjæra dei opp til fleire plantar.
Hugs å oppbevara knollane mørkt og kjølig.
Huff, litt dumt med alle desse plantene som
må inn for vinteren, men dei gir så mykje glede om sommaren!!
Denne planta er verdifull for meg -
fordi eg har fått den av mor!


Kuletistel


 
 
.Ei tøff høgreist staude, som også inselte elskar.
Mannen min var redd den skulle frøa seg slik andre
tistlar gjer, men eg klippe bort blomsterhovuda før dei går i frø.
Eg like denne stauda fordi ho gir hagen ein ekstra piff!
 
Eit lite blomster-visdomsord på ein fin onsdagskveld.
 
"Blomster er det søteste Gud noengang  har skapt
og glemt å sette sjel i."
H.W.Beecher
 
Hilsen Silje
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar