søndag 1. september 2013

LILJER

SJÅ PÅ LILJENE .........
 
Så nydelege dei er!
Utrulegt mange sortar, og fargar.
Eg har sett på andre bloggar at det fins eit utall
av flotte liljer...Har berre nokre få.
Kjøpte ein pakke med liljeblanding i år - og så var det
berre orange farge
- vart litt skuffa då.
 
 Vanlege tidlege gammaldagse dagliljer


 




rød/brune/orange-farga dagliljer




Så blomstre liljene som eg fekk av mannen min,
for veldig mange år sidan.
 



Saman med rosa floks - kanskje du synest det er
litt krasj med fargar....


 
Like ved står dei gule liljene -
dei blomstre alltid før dei raude.
Dei har fint lag med ein nydeleg kristornbusk.
 
 
Og desse liljene håpa eg hadde blitt andre
fargar slik det stod på pakken......
men fine var dei jo, i eit med avblomstra stauder.
 


Desse lijene er søte, men eg har dessverr
ikkje namn på dei!


 
Dagens visdomsord:
 
"Sjå på liljene, korleis dei veks!
Dei strevar ikkje og spinn ikkje,
men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom
var kledd som ei av dei. "
Bibelen. (Lukas 12)
 
Ha ein fin søndagskveld.
Silje
 

1 kommentar:

  1. Så flotte liljer du har! De er så vakre og flotte i hagen :-)

    SvarSlett