mandag 2. september 2013

GEORGINER

 
I dag har det vore nokså grått og trist.
Regna har det gjort,
meir eller mindre heile dagen.
Eit skikkelegt haustver!
 
Så nå treng eg farge og oppmuntring!
Georginebildene mine frå august-hagen,
dei vil eg finna fram!
 
 
(Ei gamal g.plante eg har fått)
 
Dei er fargeklattar som verkeleg lyser
opp i beda mine!
 
Først litt om desse flotte plantene:
Georginer(norsk namn), eller Dahlia(det vitenskapelege namnet)
 som dei også blir kalla,
er fleirårige knollplanter som desverre ikkje kan overvintra ute,
her hos i Norge.
Men du kan sjølvsagt tenkja at det er ei sommarplante,
som ein ikkje tek opp om hausten.
Så er du ikkje så glad i å spa opp planter før frost og snø kjem,
er kanskje ikkje dette noko for deg?
 
(Sommargeorg.frå i fjor)
 
Georgineplantene vart oppdaga i Mexico, men veks også
naturleg i Columbia og Sentral Amerika.
På 1700-talet blei dei tekne med til Europa.
 
Georginer kan ein så, stiklingformera og dela.
I butikken blir det selt sommargeorginer, og tru
ikkje at det er ein annan sort type georg. - for det er det ikkje!
Sommargeorginer blir sådd eller sett som stiklingar
same året dei blir selt.
Det er blitt meg fortalt at det er veldig vanskeleg å overvintra
sommargeorg. - men eg har prøvd
- det er ikkje noko problem!!
 
Georginer er veldig glad i sol og varme
- slik mange av oss nordmenn også er.
Så det kan vera lurt å gi dei ein solrik og lun plass.
 
Ein del georginer kan bli ganske høge, og treng å bli
stengla opp.
I år har det vore eit godt år for plantene.
Flott blomstring og flotte fargar.
 
 
(MY LOVE) - (1969)  Ny av året.
 er ei semi-kaktus dahlia.
Den kan bli ca.100 cm. og bør nok bindast opp.
 
 
I vinter fraus AAAAALLE knollane eg hadde lagra i
gamlefjøset slik eg alltid plar gjera.
Ikkje ein overlevde, desverre.....
 
 
 
 
 
(Mystery Day) g.knoll som overlevde i mors kjellar)

 
(Cartouche) Denne overlevde også.
 
Heldigvis hadde eg hjelpt mor med å få inn
hennar g.knollar før vinter, så i vår delte ho med meg.
Spør om eg var glad . spesiellt for den gamle store rosa planta!
Mannen min syntest nok litt synd på meg, så han kjøpte nokre nye
sortar som eg sette i potter 19. mars.
 
(Vuurvogel) Ei semi-kaktus dahlia.1962
 Gul med raude spissar.Planta kan bli 120 cm.
Ny av året.
 
 
 
(Ariko 1907)  - ny av året.
 
 
 
 
 
Lurer på kva innsekt dette er ?
 
 
 
(Berliner Kleene ) Ny av året.
 Ei dekorativ-dahlia. Ca.50 cm.
Dette har vore ei spennande plante som du ser!
Den har tiltrekt seg masse innsekter.
 
Blomstrar framleis, og nå var det sitronsommarfuglen
som får nyta litt i blomsten.
 
Eg plar setja dei til groing i slutten av april/beg.av mai
i gamlefjøset i isopokassar med sand i botn, og så jord.
Og etterkvart som varmen kjem, flyttar eg dei ut i drivhuset.
Set dei utafor drivhuset når eg er heilt sikker på at det ikkje kjem
frostnetter - og så sniglar.
Desse glidande - snikande dyra elskar nemleg desse
 nydeleg knassande plantene.....
Plantar dei ikkje ut i beda før dei er omlag 20-30 cm.høge,
når dei er sterke og frodige.
 
 
 
 MEN -
den aller finaste georgina eg har, er denne store 
semi-dekorative planta.
Eg har ikkje namn på den, men dette er ei plante som
eg har fått av ei gammal dame.
Eg kallar den Elisabeth-rosa!
Kanskje fordi det er eit dronningnamn,
eller fordi den for lenge sidan kom frå ei Elisabet.
Kanskje nokon som veit namnet på denne flotte planta?
 
 


 

 Dette er ei stor, brei og høg plante som treng å
støtta seg til andre av same slaget, eller bindast opp.
Dei heng litt med hovuda.
Kjempeflotte å ta inn og leggja i ei skål på bordet!
 
Eit tips til slutt:
knip av alle avblomstra "frøkapslar" på georgineplantene
- så blomstrar dei lenge utover hausten!!
 
 
 
Dagens lille:
Det er ikke nok å bare leve.........
Man trenger solskinn,
frihet og en liten blomst.
(H.C. Andersen)

Georginehilsen på en mandag.
Silje 

 
 
 


2 kommentarer:

  1. Så mange flotte georginer du har! Jeg har også fått dilla på disse de to siste årene, og jeg klarte å overvintre noen i en potte i vinter. Det er så mye jobb med de når en er lei av hage, men jeg må bare å få de opp i år. Jeg har også en rosa som jeg ikke har noe navn på som er veldig lik din. De er pene uten navn også :-)

    Ha en fin tirsdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er jammen ein heil jobb å ta opp og oppbevara dei
      gjennom vinteren.
      Men det er verd strevet!
      Masse fargerike gleder langt utover hausten.
      Så moro at du og hadde den rosa!
      Kanskje andre kan hjelpa oss med namn?
      Silje

      Slett